NBF Sogn og Fjordane ber inn til divisjonshelg på Skei samfunnshus 4. og 5.november.
Tidsskjema ser i utgangspunktet slik ut:
Laurdag
10.00-13.05: Kamp 1 (byte ved halvtid)
13.15-14.45: Kamp 2 første halvrunde
14.45-15.30: Matpause (pizza frå lokal leverandør, vert bestilt på formiddagen)
15.30-17.00: Kamp 2 andre halvrunde
17.10-18.40: Kamp 3 første halvrunde
Søndag:
10.00-11.30: Kamp 3 andre halvrunde
11.40-14.45: Kamp 4 (byte ved halvtid)
14.55-16.25: Kamp 5 første halvrunde
Det vert høve til å kjøpe kaffi. Pizzabestilling foregår samla om formiddagen.
Andre helg 3.divisjon vert spela i Bergen 10.-11.februar. 4.divisjon spelar sine 3 siste kampar laurdag 17.februar på Skei samfunnshus.
Tips en venn