Godt nytt bridge år - Klubbkveld startar opp att allereie på Tysdag den 3. januar
Ynskjer alle saman eit knakande godt nytt år og ein god vinter/vår med bridge speling.
Tysdag 3. jan er det klart for fyste kveld etter juleferie. Bli godt å koma i rytme att. Det hadde vore supert om me etter kvart klarar å ligge på 6-7 bord på desse kveldane.
Fint om me prøver å få med oss nye (gamle) spelarar i klubben vår. Me håpar sjølvsagt at det skal dukke opp nokre nye fjes etter at nybyrjarkurset er gjennomført.
Vel møtt tysdag alle saman.